Tingingsverket

Tingingsverket 2009 (Foto: Brynjar Vik)

Skurkeklubb i naustet

Musikkollektivet ”Skurkeklubben” består av David Asheim og Jon Hegre frå Kaptein Kaliber, Bjørn Torske, og Jørgen ”Duperman” Træen. Dei har ei rik historie på den norske og internasjonale arena for elektronikamusikk. Alle dei impliserte har også tidlegare med stort hell samarbeidd med Periferifestivalen om dei tidlegare tingingsverka.

I 2010 inviterer Periferifestivalen igjen kollektivet til å gjera noko saman, basert på det eksperimentelle klubbkonseptet, ”Skurkeklubben”. I tidlegare tingingsverk har dei eksperimentert med karakterar basert på arketypiske fiskarar med skjegg og oljehyre. Desse karakterane vi også dukke opp denne gongen. Skurkeklubben vil ha tilhald i eit heilt særprega naust der dei vil invitere vener, kjende og alle andre på fest og lysskye aktivitetar.