Periferiutstillinga 2011: Torvald i naustet
Årets periferiutstilling er eit resultat av fotograf Poul Toft Iversen sine møte med fiskaren
Torvald Andreassen frå Glesvær. Dei møttes for fyrste gong i Torvald sitt naust hausten 2010,
og Poul har klart å fanga dagleglivet til kystfiskaren gjennom sine linser på ein naturleg,
stillferdig og vakker måte.
Periferiutstillinga er ein del av eit større prosjekt kalla Naust i naustet. Naust i naustet er
eit foto-, film-, og tekstprosjekt som vil forsøka å dokumentera naust og menneska i nausta
på Glesvær og på Golta. Prosjektet ynskjer å syne korleis desse bygga er ein sentral del av
kystkulturen både før og no. Nausta vil bli dokumentert og tolka av fotograf Poul Toft Iversen
og forfattar Frode Grytten.
Poul Toft Iversen
Poul er fotograf og lysmeister med utdanning frå Danmarks Fotografskole. Han har brei
erfaring frå reklamefoto, spelefilmproduksjon og tv-seriar. Han har sidan 1986 jobba
freelance, primært i filmbransjen for mellom andre Danmarks Radio, Zentropa Film
og Deluca Film. Han har til dømes erfaring frå filmar som “Det perfekte kupp” i 2008
og “Klovn” i 2010.
Utstillinga opnar onsdag 24. august kl 19:30 og vert å sjå på Glesvær Kafé og i naustet til
Svein og Wenche under festivalen.
