Periferikonferansen

VELKOMEN TIL PERIFERIKONFERANSEN 2011
 KULTUR OG KULTURNÆRING I REGIONAL UTVIKLING

Periferikonferansen 2011 er no fullteikna!

Fredag 26. august
Kl. 10:00 – 15:30
Glesnes ungdomshus, Glesvær

Periferifestivalen- og konferansen er plassert i ein del av verda som definitivt kan definerast som periferi. I Europeisk og nasjonal samanheng er vi ein utkant i randsona til den store, blå villmarka.

Samstundes er Sotra og Region vest ein av dei mest ekspansive regionane i Noreg. Tal frå både næringsliv og tilflyttingsstatistikk set regionen i ei særstilling. Med det nye sambandet på plass vil denne utviklinga tilta markant.

Regionen har ulike alternativ for å møta desse utviklingstrekka. Sotra og Øygarden går inn i ei spanande tid som vil endra regionen dramatisk. Eksisterar det ein periferikultur og er det denne vi ynskjer å byggje regionen vidare på?

På Periferikonferansen 2011 vil vi setje fokus på kulturen si rolle i den regionale utviklinga.
• Er det rasjonelt å behandle region vest som eit definert kulturområde? - eller er regionen i ferd med å bli ein del av ein større Bergensregion?
• Kva rolle kan kulturen og kulturelle arenaer spele i den regionale  utviklingsprosessen? - og bør regionen posisjonera seg vis a vis tilstøytande regionar?
• Kan regionen styrkja sin identitet ved å spela ei klårare rolle i ein større Bergens- og Vestlandsregion?

Program Periferikonferansen 2011

Ordinær konferanseavgift: 600 kr. (inkl. konferansen, transport t/r Bergen, lunsj og pausemat.
Konferanseavgift studentar:  200 kr. (inkl. konferansen, transport t/r Bergen, lunsj og pausemat.
Periferipakken: 1500 kr. (inkl. konferansen, transport t/r Bergen, lunsj, pausemat, middag og festivalpass på Periferifestivalen fredag 26. august.