I samarbeid med Sund Rock Club, Vest Næringsråd og Ungdomskontor ved Sund kommune, vil Periferifestivalen i år presentera eit eige festivalprogram retta mot dei under atten år. Under dagprogrammet laurdag 27. august kl 13:15 på scene 2 vil lokale ungdomsband få anledning til å spela på Periferifestivalen. Unge frå regionen vil også spele ei viktig rolle i organiseringa av prosjektet. Lenge leve heavyrocken!
Band på Periferi Ung
Skitne Forretninger
Ashes Of Her Memory
Viggo´s Gang
Freddy Caused Pain
Downfall
