Handelstaden Glesvær

På Glesvær har det vore fisketilverknad og handel gjennom lange tider. Glesvær er ei god og lun hamn for småbåtar, og det tette sjøbruksmiljøet med naust og buer viser til den store aktivitetet det alltid har vore på staden. Kanskje var aktiviteten aller størst under dei gode sildeåra på 50-talet, då Glesvær var ein viktig samlingsstad for mange fiskarar.
 
Handelstaden på Glesvær vart bygd i 1664 av kjøpmann Henrich Wessel, og er ein av dei aller eldste langs kysten. Her har vore bakeri, butikk og omfattande drift av fiskesalting. Handelstaden har hatt mange eigarar gjennom tida. Familien som driv i dag, er fjerde generasjon etter Hans Gulbrandsen Bakke, som kjøpte handelstaden på tvangsauksjon i 1890.
 
Dagens eigarar, Arne og Ruth N. Bakke, overtok drifta av handelstaden i 1984. Dei ser det som viktig at det framleis er aktivitet på staden. Sjølv driv dei med utleige av rorbuer, og det gamle butikklokale leiger dei ut til kafédrift. Samstundes brukar dei mykje tid og ressursar på å forvalta den kulturarven som ligg i bygningane og området rundt.
 
Handelstaden er i dag, slik det alltid har vore, kjernen i mykje av det som foregår på Glesvær – og det er med stor takksemd me får lov til å avhalde Periferifestivalen her.