Periferidiktar Frode Grytten
Frode Grytten har fire av fem år vore knytt til Periferifestivalen. Det kling nesten naturleg i øyra etterkvart: Frode Grytten og Periferifestivalen! Han har lova å vera med også neste år. For eit privilegium! Han har mellom anna leika seg med Finn Erix, framført The Smiths på norsk og lese barnebok i Wenche og Svein sitt naust. Dei siste åra har han også introdusert artistane før dei går på scena. Det kjem han også til å gjera under årets festival.
Frode Grytten har etablert seg som ei av dei viktigaste og sterkaste stemmene i nyare norsk litteratur. Han skriv både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Me kan mellom anna nemna Bikubesong, Popsongar, Flytande Bjørn, Gabba Gabba Hey og 50/50.
Fire dagar etter festivalen kjem han ut med ny bok; Saganatt.
Me gler oss.
Ord frå Periferidiktaren
Musikk er ein måte å puste på. Du kan kjenne deg så ulykkelig og nedfor som det går an å kjenne seg, men når du speler bestemte plater eller hører bestemte songar på ein konsert, er det som om du langsamt blir løfta opp frå golvet, sakte blir du løfta opp frå bakken du står på. Du stig mot taket. Du stig mot himmelen. Du ser ned på Glesvær, du ser ned på plenen til Bakke, du ser ned på ditt eige liv. Og no er hjartet mitt fullt, tenker du. No er hjartet fullt.
Frode Grytten
