Praktisk info

DETTE ER PERIFERIFESTIVALEN
Periferifestivalen er ein festival for deg som vil oppleva god musikk i eit unikt festivalmiljø. I havgapet sørvest på Sotra ligg Glesvær, det perifere sentrum for Periferifestivalen. Bygda, havet og naustmiljøet gjev stemning og atmosfære – der havsus møter populærmusikk.

FESTIVALOMRÅDET
Konsertane kan du nyta ved utescena som ligg på den gamle handelstaden i sjøkanten, i eit naust, på eit svaberg, frå ein båt. Kart over festivalområdet

Opningstider for festivalområdet:
Fredag 26. august: 17:30-01:30
Dagprogram laudag 27. august: 12:30- 16:00
Kveldsprogram laurdag 27. august: 16:45-01:30

ALDERSGRENSE
Det er 18 års aldersgrense på Periferifestivalen, og plikt til å vise legitimasjon. Aldersgrensa er absolutt, og ingen under 18 år slepp inn på festivalområdet.
Under dagprogrammet laurdagen, er festivalen open for folk i alle aldrar.

OVERNATTING
Periferifestivalen har ikkje eigen festivalcamping. 
I samarbeid med Panorama konferansehotell tilbyr Periferifestivalen festivalpakkar med overnatting under festivalen 26. og 27. august 2011. Informasjon om festivalpakkar

BUSS TIL GLESVÆR
Bussturen Bergen – Glesvær tek ca 1 time. Ordinære bussruter t/r Bergen - Glesvær.

NATTBUSS HEIM ATT
Det er sett opp nattbussar frå Glesvær etter konsertslutt begge kveldar. Nattbussane går frå Glesvær fredag og laurdag kl. 01:30 til: Bergen direkte, Bergen via Telavåg, Bergen rundt Klokkarvik og Bergen via Ågotnes. Alt sal av bussbillettar skjer i billettluka på festivalområdet. Pris er kr 100,- per billett.

BIL TIL GLESVÆR
Køyreturen Bergen – Glesvær tek 35-40 minuttar.
Parkeringsvaktar viser veg til parkering på Vødlen, ved Glesnes skule og i Porsvika. Kart over køyreturen Bergen – Glesvær

BÅT TIL GLESVÆR

Det er kaiplassar for fritidsbåtar nær festivalområdet. Det er ikkje mogleg å leggje til ved Glesvær kai under festivalen. Kart over båtplassar under festivalen

MAT- OG DRIKKESERVERING
Periferifestivalen serverer mat henta frå havet utanfor Glesvær. Mattilbodet er med på å underbyggja festivalen sin profil ved at det smakar kyst av det som blir servert. Festivalen har bevilgning for sal av øl og vin.
Periferimenyen 2011

BETALING

Det går an å betala både med kort og kontantar i billettbod og på festivalområdet.

BILLETTKJØP/ARMBAND
Billettar kan kjøpast i billettluka ved inngangen til festivalområdet (med atterhald om utseld festival). Ved eventuell BT-rabatt må BT-kort framvisast. Førehandskjøpte billettar vises i billettluka i byte mot festivalarmband. For å sleppe inn på området, må ein ha gyldig festivalarmband.

AKKREDITERING
Dei som har fått godkjent akkreditering, følgjer skilting til akkrediteringsbua ved inngangen til området.

TRYGGLEIK
Festivalen har fokus på tryggleik, og vaktar er til ei kvar tid på området. Vaktane ber gule vestar. Det lokale Røde Kors, dykkarar og politiet er også representert.

Følgjande ting er det ikkje høve til å ta med inn på festivalområdet:
- Paraply
- Mat og drikke
- Flasker og termosar
- Grill (også eingongsgrill)
- Knivar og andre skarpe/farlege gjenstandar
- Profesjonelt foto-, video- og lydopptaksutstyr
- Hundar og andre kjæledyr
- Campingutstyr (stolar, bord, telt etc.)
- Andre gjenstandar som av openberre grunnar ikkje bør medbringast på området.

Vesker og ryggsekkar blir undersøkt ved inngangen, og forbodne gjenstandar blir konfiskert.