 |
BigBang
Dei som trudde allsang sjølv på versa var reservert konsertane til BigBang på Rockefeller, Øyafestivalen eller andre tilstelningar austpå, kan ikkje ha vore til stades då Øystein Greni og crewet hans avslutta Periferifestivalen for to år sidan. Det er ei æra å ønskja BigBang velkomne attende. |
 |
The Soundtrack of Our Lives (S)
Periferifestivalen har hovudsakleg booka norske artistar dei siste åra. Når me no går laus på naboane våre i aust, byrjar me på toppen. Eit meir ambisiøst bandnavn skal ein leita lenge etter. Men så blir då ikkje rockemusikk særskilt større enn låtar som “Sister Surround” og “Instant Repeater 99”. Nabovarsel er med dette sendt ut. |
 |
Susanne Sundfør
Periferifestivalen har aldri vore redd for å gjenta ein suksess. Susanne Sundfør sin konsert i fjor, er etter kvart blitt så sagnomsust at me tok kontakt med henne på nytt. For me veit at dette uansett ikkje blir nokon blåkopi. |
 |
Fjorden Baby!
I fjor gav dei oss smakebitar på det som nokre månader seniere vart hylla som ei av dei beste norske rockealbuma på lenge. Sidan den gong har Fjorden Baby! vore konstant lista på radioen, og klart mesterverket å innta tredjeplass på VG-lista utan ei krone i pr-budsjett. Her luktar det lasarar lang veg. |
 |
Bernhoft
Det krev sin mann å opptre på Spelemannshowet i Oslo Spektrum med ein accapellalåt. Men så er det ikkje mykje i populærmusikkens verd Jarle Bernhoft ikkje fiksar. Spanande å sjå kva kategori han fell inn under i kåringa neste år. Jarle Bernhoft, kanskje? |
 |
Morten Abel
Han har vore her med eige band, med September When og med kassagitar. Kva og kven han kjem med i år, veit me ikkje. Men kongen av norsk pop tek i alle fall kystvegen frå Stavanger til Sotra – for fjerde gong. Neste gong får han kaia til odel og eige. |
 |
Real Ones
Med nytt tiljubla album ute, er det duka for fleirstemt vokalfyrverkeri og orgie i strenginstrument frå eksotiske strok. Det har gått fleire år sidan kvintetten frå Fana, Åsane og Voss etablerte seg som eit av Noregs beste liveband. Og dei blir berre betre og betre. |
 |
Jaga Jazzist
Gjengen frå Tønsberg har eit særskilt tilhøve til distriktet. For det var i Duper Studio i Bergen, saman med Periferi-kunstnar Jørgen Træen, at Jaga konstituerte sin heilt unike sound rundt årtusenskiftet. Sidan den gong har dei turnert jorda rundt. I sommar spelar dei mellom anna i Canada og USA før dei tek turen til oss. |
 |
22-Pistepirkko (SF)
Me er ikkje bortskjemde med legendar på Periferifestivalen. 22-Pistepirkko er vel noko av det næraste me har kome. Punktrioen såg dagens lys i den knøttsmå nordfinske bygda Utajärv allereie i 1980. Men årets utgjevnad “Lime Green Delorean” – som svingar innom alt frå country og blues via pop til psykedelia og singer/songwrit– syner at leikskapen lever i beste velgåande. |
 |
Salem Al Fakir (S)
Dette er vidunderbarnet som ikkje nøgde seg med fiolinen og satsa like greit på omlag alle rytmiske instrument som finst. Sidan debuten har han hanka inn eit utall prisar og utmerkingar for si særeigne blanding av soul og pop. |
 |
Susanna and The Magical Orchestra
Lenge før omgrepet “guilty pleasures” fekk fotfeste, dreiv denne duoen og snudde opp ned på alt du trudde du visste om klassiske pop- og rocklåtar. Susanna Karolina Wallumrød og Morten Qvenild får deg til å sjå artistar som Kiss og AC/DC med totalt nye auge, og får deg til å lukka dei i rein velkjensle når dei spelar sine eigne komposisjonar. |
 |
Stein Torleif Bjella
Det går ei stund mellom kvar gong musikarar frå Øvre Ål lagar tekstar som endar opp som hipster-t-skjorte-motiv i storbyane. Men det er vanskeleg å la vere når ein kjem opp med låttitlar som “Pyskisk kan du være sjøl”. Dette gler me oss til. “Den Tause Manns Talsmann” er endeleg klar for Periferifestivalen. |
 |
Razika
Nett då enkelte byrja å tru at Bergen var gått tom for talentar, dukka Møhlenpris-jentene opp med ein av årets finaste låtar. Men “Vondt i Hjertet” er langt frå noko slump. Debutalbumet “Program 91” er beviset på at Razika er eit band på veg opp. |
 |
Emmerhoff & The Melancholy Babies
Den bergensbaserte gjengen er nok ein gong klar for å gje publikum eit innblikk i sin særeigene, superdynamiske stil. Her går harmoni og støy hand i hand. Gunnar Emmerhoff og bandet hans er store i Mellom-Europa. Men dei er større på Søre Sotra. |
 |
Hypertext
Det er ikkje berre fotballaget til Haugesund som har overraska dei siste åra. Byen spyr ut feite indie-artistar. Med Susanne Sundfør som ordinært bandmedlem og ei gjesteliste lang nok til å fylle ein middels stor festival, vekte Hypertext betydeleg merksemd med si førre plate “Astronaut Kraut!”. På tide å førebu landing på plenen. |
 |
BIL i naustet
For fjerde gong skal denne manusfrie og overmodige gjengen improvisera fram teater under Periferifestivalen. Alle scenane vert til i naustet etter forslag frå publikum. |
 |
Frode Grytten
Frode Grytten har etablert seg som ei av dei viktigaste og sterkaste stemmene i nyare norsk litteratur. Han skriv både romanar, noveller, barnebøker og lyrikk. Me kan mellom anna nemna Bikubesong, Popsongar, Flytande Bjørn, Gabba Gabba Hey og 50/50. Fire dagar etter festivalen kjem han ut med ny bok; Saganatt. Me gler oss. |
| |
|