HUGS FRIVILLIGFESTEN!

Takk til alle fantastiske frivillege!

Me vil gjerne få takka dykk for ein fantastisk innsats på Periferifestival 2011. De er festivalen sitt ansikt utad og bidrar til dei positive minna dei besøkjande reiser heim att med.

Trass i noko utfordrande vêrtilhøve gjekk festivalen som på skinner. Det er langt på veg takka vere innsatsen til alle som har jobba frivillig eller på dugnad og lagt inn ein stor og viktig innsats i avviklingsarbeidet. Me håpar de også fekk anledning til å nyta musikken og stemninga innimellom all jobbinga og at alle ser tilbake på Periferifestivalen 2011 som ei fin økt.

Dersom de har noko å melda attende angåande jobben de gjorde, eller har andre forslag og tilbakemeldingar, sender de ein mail om dette til Gro Kvamstø eller til andre i styret, sjå kontaktinformasjon.

Me ynskjer å minne alle om frivilligfesten på Glesnes ungdomshus laurdag 24.09.2011 frå kl. 19.00. Me vil servera drikke og ein lett middag.

Det er fint om de sender meg ei melding om de kjem, særskilt gjeld dette om de kjem frå og skal tilbake til Bergen.

Me håpar å sjå dykk alle der!

Med stor takk frå

Ole Rasmus, Vidar, Sol, Helga,Jørgen, Heidi, Atle og Bettina.