TORVALD I NAUSTET

 

PERIFERIUTSTILLINGA 2011: Torvald i naustet

Årets periferiutstilling er eit resultat av fotograf Poul Toft Iversen sine møte med fiskaren Torvald Andreassen frå Glesvær. Poul har klart å fanga dagleglivet til kystfiskaren gjennom sine linser på ein naturleg, stillferdig og vakker måte. Les meir om Periferiutstillinga 2011

Fotograf Poul Toft Iversen
Poul er fotograf og lysmeister med utdanning frå Danmarks Fotografskole. Han har brei erfaring frå reklamefoto, spelefilmproduksjon og tv-seriar. Han har sidan 1986 jobba freelance, primært i filmbransjen for mellom andre Danmarks Radio, Zentropa Film og Deluca Film. Han har til dømes erfaring frå filmar som “Det perfekte kupp” i 2008 og “Klovn” i 2010.

Utstillinga opnar onsdag 24. august kl 19:30 og vert å sjå på Glesvær Kafé og i naustet til Svein og Wenche under festivalen.