TUR/ RETUR PERIFERIEN

Lurer du på korleis du skal kome deg til og frå Periferifestivalen i helga? Det går ordinære bussar til og frå Glesvær, og det er sett opp rikeleg med ekstrabusser etter konsertslutt begge kvelder. Alternativer er eigen bil eller båt, eller så kan du følgje Jarle Rennedal sitt eksempel (bildet) og ta beina fatt. Velkomen til festival!

BUSS TIL GLESVÆR
Bussturen Bergen – Glesvær tek ca 1 time. Ordinære bussruter t/r Bergen - Glesvær.

NATTBUSS HEIM ATT
Det er sett opp nattbussar frå Glesvær etter konsertslutt begge kveldar. Nattbussane går frå Glesvær fredag og laurdag kl. 01:30 til: Bergen direkte, Bergen via Telavåg, Bergen rundt Klokkarvik og Bergen via Ågotnes. Alt sal av bussbillettar skjer i billettluka på festivalområdet. Pris er kr 100,- per billett.

BIL TIL GLESVÆR
Køyreturen Bergen – Glesvær tek 35-40 minuttar. Parkeringsvaktar viser veg til parkering på Vødlen, ved Glesnes skule og i Porsvika. Kart over køyreturen Bergen – Glesvær

BÅT TIL GLESVÆR

Det er kaiplassar for fritidsbåtar nær festivalområdet. Det er ikkje mogleg å leggje til ved Glesvær kai under festivalen. Kart over båtplassar under festivalen