VAKRAST PÅ ØYA

Stein Torleif Bjella og bandet leverte i følgje Dagbladet årets vakraste konsert på Øyafestivalen. Dei melder at konserten rett og slett var overveldande. For ein låtskrivar, og for ein historieforteljar!

Når den underfundige Bjella går på scena på Glesvær laurdag 27. aug. kl 17:00, er det din tur til å bli fjetra av krafta i formidlingevna hans. Denne konserten bør du ikkje gå glipp av!

Les heile meldinga av Stein Torleif Bjella sin konsert på Øya i Dagbladet