Nærleiken til havet set sitt naturlege preg på festivalmenyen på Periferifestivalen. Ressursane i havet vest for Glesvær er råvarer i rettane.
Sotra fiskeindustri i Porsvika i Sund kommune leverer laks til festivalmenyen, og dei gjekk nyleg av med sigeren for beste røykelaks i NM i røykt og grava laks 2011! I konkurranse med 34 andre lakseprodusentar var det laksen frå heilt sør på Sotra som fekk den høgaste utmerkinga av fagdommarane på den anerkjende Aqua Nor-fiskerimessa i Trondheim. Les meir om NM-kåringa i Vestnytt
Årets festivalmeny er utarbeidd i samarbeid med SMAK AV KYSTEN, som er eit nettverk av utvalde spisestader som har vilje og evne til å satsa på sjømat. Dei har sikra seg høg kunnskap om råvarer, sesong, kvalitet og optimale tilreiingsmetodar, og byr på eit breitt spekter av sjømat som fyrst og fremst representerar den norske kysten.
Her er noko av det du kan metta deg på under årets festival:
Wrapzika
Smakfull wrap med varmrøykt laks
BigBangBurger
Lakseburger med rømmedressing og mangochutney
Fiskepirrko
Fiskekaker med potetbåter a la fish´n chips
The soup of our lives
Fiskesuppe med ingrediensar frå Periferien.
The Melancholy bacalao
Spansk mattradisjon møter vestnorsk klippfisk.
I tillegg serverer Glesvær Kafé ein sjøsterk meny både inne og ute. Signe maten!
Takk til Sotra Fiskeindustri for fersk laks, Bogen Fiskeri for kvite fiskar og Clarion Hotel Bergen Airport for hjelp til matproduksjon.
