For femte gongen på rad, er det Skurkeklubben som står for tingingsverket på Periferifestivalen. Tingingverka har gått føre seg til havs og på land, og også høgt til vers. Laurdagskvelden kl 23:20 er artistane klare til nok ein gong å forbause og begeistre sitt publikum.
I årets tingingsverk tek dei tak i ei av vår tids store utfordringar; global oppvarming med potensiale for heving av vasstanden. Dette vil kunne få omfattande konsekvensar for kystnære samfunn som Glesvær og Bergen.
Skurkeklubben, som består av David Aasheim, Jørgen Træen, Jon Hegre, Bjørn Toske og Trond Myklebust, problematiserar denne tematikken og gjer ei musikalsk og visuell reise under og over havet. Referanseverk for komponistane er mellom andre Terje Vigen av Henrik Ibsen, Kaptein Nemo av Jules Vernes og Free Willy II av Dwight H. Little.
Stor ståhei for ganske mykje med andre ord.
