I samarbeid med Panorama konferansehotell tilbyr Periferifestivalen festivalpakkar med overnatting under festivalen 26. og 27. august 2011.
Panorama konferansehotell ligg på Steinsland, berre ein liten båt- eller køyretur unna Glesvær. Hotellet er nyleg oppussa, og framstår som smakfullt innreia. Hotellromma har store vindauge som lar lyset og kystnaturen koma inn til deg. Det er ulike designtema for romma, som alle tek deg med på ei reise i lokalhistoria. Nytt høve til stilfull og komfortabel overnatting under Periferifestivalen!
Festivalpakke 1:
Festivalbillett fredag 26. aug. og overnatting i dobbeltrom til laurdag 27. aug. kr 1.495,- pr pers.
Festivalpakke 2:
Festivalbillett laurdag 27. aug. og overnatting i dobbeltrom til søndag 28. aug. kr 1.495,- pr pers.
Festivalpakke 3:
Festivalbillett fredag 26. og laurdag 27. aug og overnatting i dobbeltrom frå fredag 26. til søndag 28. aug. kr 2.795,- pr pers.
Dersom interessa er stor nok vil vi sette opp båttransport til og frå Panorama hotell med MS Glesnes. Billettpris begge vegar vil bli kr 350,- pr pers.
For bestilling av festivalpakke, ver venleg å ta kontakt med resepsjonen på tlf: 56 31 90 00 eller e-post: booking@panoramahotell.no
Les meir om Panorama konferansehotell: http://www.panoramahotell.no/
